tirsdag 24. juli 2012

Gryta, effektiv topptur i Stryn


Første del frå toppen er flat, det går fort over. Bilete frå ein tidlegare tur.

Løftar du blikket og ser mot nord når du står i Stryn sentrum ser du sannsynlegvis opp på Gryta. Toppen kan nok reknast som Stryn sitt byfjell. Med plasseringa så nært sentrum er det ein populær topp å ta turen til. Dette gjer at stien opp er godt egna og for oss syklistar. 
Snart oppe i Bubergskaret
Totalt 1000 høgdemeter gjer denne turen til ein skikkeleg topptur. Alt frå høgfjellsti og utfordrande rockgardens til tørr barsti lengst nede. Utsikta frå toppen er det hell ikkje noko å seie på.
På toppen, sunnmørsfjell i horisonten, blant anna Eidskyrkja.

Turen er stort sett fri for dei verste myrhøla men særleg frå skaret og ned er det mykje svaberg. Disse blir glatte når det regnar og ein får nok mest ut av turen dei dagane det er tørt.

Bubergskaret, Skålamassivet i bakgrunnen.
Noko av stien er mogleg å sykle oppover og.


Fullstendig stiguide under Stiguide Stryn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar