fredag 20. juli 2012

Sandane stibonanza! Tysdagsturen.

Denne dagen gjekk turen lenger ut mot Anda. På Vereide ligg Nordfjord folkehøgskule kanskje betre kjent som friluftslivsskulen. Etter Dagmar som herja nordvestlandet i romjula tok dei ansvar og rydda det som kanskje er den mest komplette stituren i området.





Stien startar på Dimma, herfra går det oppover mot Åsebøvatnet. Her i vest er vi ikkje bortskjemde med stiar som kan syklast oppover. Denne stien skil seg i så måte ut frå dei fleste andre. Akkurat passe bratt og ein del fine oppovercrux, stort sett på sva og barsti.


Åsebøvatnet, godt tilrettelagt for pausar.


Frå Dimma har folkehøgskulen rydda allerede eksisterande sti til Føleidsstøylen.

Fjordgløtt mellom Dimma og Føleidstøylen

Avslutninga frå støylen mot Vereide er ei fin blanding av gammel teknisk sti og nybygd barnålsti inne i granfelta. Ein øl blir spandert på den som fullfører serpentinarane som er rydda opp eit hogstfelt like ovafor Føleide.

Fullstendig stiguide finn du under "Stiguide Sandane"

1 kommentar:

  1. Vil gjerne få poengtere at øl blir spandert på dei som fullfører serpentinarane OPPOVER.. Ikkje nedover:)
    -Pål K. Gimmestad

    SvarSlett