tirsdag 20. november 2012

Første dose er gratis....

Mmmmmmmm.... Curnutt.....
Ein vanleg framgangsmåte for å sikre seg nye kundar i meir belasta miljø er å gje bort dei første dosane gratis. Enten det er på plata, i Nygårdsparken eller på skidemo under gromhelga her i Stryn viser dette seg å vere ein framgangsmåte som sikrar nye kundar om og om igjen.


Med dette i bakhovudet og delar nok til ein halv sykkel liggande i boda dukka det opp ein plan no i haust. Stadig når ein prøver å lokke folk ut i skogen på sykkel er det utstyret som blir den største unnskyldninga. Sjølv om ein kan sykle sti med omtrent kva som helst blir terskelen for å ta grusraceren eller pubsykkelen ut i skogen ofte for høg. Ivrig som eg er etter å få fleire med ut i skogen har eg no tenkt å gi første dose gratis, på ein måte som gjer at ein berre må ha meir....

Derfor dukka denne opp i posten for eit par vekar sidan:

2006 Foes FXR, bunnsolid ramme, blir ikkje dette eit bra fix så veit ikkje eg...

Sida hausten er her og stileitinga er satt på vent nokre månader kjem eg til å bruke bloggen til eit lite byggeprosjekt med tittelen: Gromsykkel til under ti lappar.

Specs og planar i neste post. Vi åpnar forsiktig med litt ekte amerikansk sykkelmjukporno....

Todelt krank, unødvendig å skremme bort nybegynnarar med høg utveksling...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar