onsdag 23. oktober 2013

Barfrost-tur på Sandane

Sjølv om første runde med barfrost ikkje varte lenge blei den godt utnytta. Ein av Nordfjords beste stiturar var valet denne søndagen.

Spekulering

Turen opp frå Dimma til Åsebøvatnet gjekk på tørt fjell, smalsti, og frosne myrer ispedd eit og anna isparti.
Særs triveleg sykling oppover, ikkje det vi har mest av på Vestlandet 

Ein kvil i sola

Ned igjen frå Åsebøvatnet til støylane er det akkurat nok helling til å sette den farta ein sjølv vil, iallefall om føtene og lungene heng med. 




Det som skil denne turen frå mange andre på Vestlandet er eit ganske beskjedent antal høgdemeter kombinert med eit bra antal kilometer. Å kalle det Austlandsterreng er kanskje å ta i, men turen er nok den i området som liknar mest på stisykling av den sorten ein finn på andre sida av fjellet. 

Men det skal seiast det går stort sett nedover heile vegen.....

Lunsjpause
Siste del av stien går i granfelt og er bygd av Nordfjord Folkehøgskule. Ei knall avslutning på ein tur som har det meste.

Ny og oppdatert Strava logg finn du på Stiguide Sandane avslutninga er enda hakket betre enn i den gamle stiguiden.

Her kan du og laste ned GPX fil om du vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar