tirsdag 15. april 2014

Alternativ påskeaktivitet

Sjølv om det slett ikkje er dårlege forhold for tradisjonelle påskeaktivitetar blir sykkelen fort prioritert over skia her til gards. Første finversdag blei godt utnytta på Sandane med litt stiplukking på Vereide. Vått men slett ikkje ille....

På veg opp frå Nordfjord Folkehøgskule



På rundt 450 moh møtte vi snøen som har kommet dei siste to dagane. Ikkje store mengdene men valde å ikkje legge turen heilt opp på Tystadstøylen denne gongen.

På verktøyet skal storfolk kjennast...
På stien ned frå Tystadstøylen mot Alme var det ein del tre som hadde kapitulert. Pål har fått deg Trailboss verktøy direkte frå junaiten og gjorde kort prosess på det meste. Er du like tøff som Pål kan du handle deg Trailboss her.


Etter turen ned frå Tystadstøylen vendte vi nasa innover folkehøgskulestien mot Føleidestøylen. Her var det ein del tørrare men etterkvart som vi klatra oppover møtte vi snøen igjen. 

Folkehøgskulestien kan syklast oppover mot støylen, men er aller best ned igjen mot Vereide.

Sigleif kan ikkje anna enn glise...
Pågrunn av snøen gjekk ikkje turen lenger enn til hogstflata halvvegs til støylen. Gjekk dermed glipp av ein del gosti men partia inne i granfelta er av topp kvalitet så skuffelsa var ikkje altfor stor.

Ned igjen.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar